LØKO – Sjå godt på biletet! - nynorsk, intropris 200,-
Førpris 300 kr er laveste pris siste 30 dager. Tilbudet gjelder til og med 1. desember.
Produktbeskrivelse
18 biletopplegg som gir aktiv læring, rørsle og lesetrening gjennom heile skuleåret Korleis veit eleven at svaret er rett? Ved å sjå skikkeleg etter! LØKO – Sjå godt på biletet! er ei stor samling med 18 biletbaserte LØKO-hefte samla i éin PDF på heile 201 sider. Her må elevane s…
18 biletopplegg som gir aktiv læring, rørsle og lesetrening gjennom heile skuleåret
Korleis veit eleven at svaret er rett? Ved å sjå skikkeleg etter!
LØKO – Sjå godt på biletet! er ei stor samling med 18 biletbaserte LØKO-hefte samla i éin PDF på heile 201 sider. Her må elevane studere detaljar, lese nøyaktig og bruke observasjonsevna aktivt for å finne rette svar.
Kvart bilete inneheld fire ulike tema: finne ting i biletet, fargar, rett eller gale og ein engelskspråkleg del. Oppgåvene er laga slik at feilsvara alltid passar inn i temaet. Då held det ikkje å gjette. Eleven må faktisk undersøkje biletet.
Opplegget eignar seg ekstra godt til aktiv læring. Heng biletet opp i klasserommet, gangen eller ute. Elevane les oppgåva, tek med seg ei brikke, går bort til biletet for å undersøkje og legg deretter brikka på rett plass i LØKO-brettet.
Materialet trenar leseforståing, ordforråd, omgrepsforståing, fargar og engelsk på ein motiverande måte, samstundes som elevane får rørt seg.
Med 18 ulike bilete, 144 LØKO-ark og 864 oppgåver får du eit materiale som kan brukast gjennom heile skuleåret. Brukar du eitt bilete i to veker om gongen, har du fysisk aktiv læring og sjølvrettande LØKO-oppgåver til nesten alle dei 38 skulevekene.
Passar for 2.–5. trinn, ITO og elevar som treng ekstra støtte til lesing og omgrepsutvikling.
Dette får du
18 store biletopplegg med ulike tema:
Leikeplass
Kjøkken
Butikk
Klasserom
Jul
Sirkus
Skeisebane
Tivoli
Fotballbane
Gard
Hamn
Togstasjon
Dyrehage
Bibliotek
Teltur
Stranda
17. mai
Påske
Kvart sette inneheld:
«Eg kan sjå ...»
Fargar
Rett eller gale
English
To versjonar av kvart ark:
Med bilete på arket
Aktiv versjon utan bilete
Biletark til utskrift (gjerne i A3-format)
Lærarinformasjon og fasit til kvart bilete
Ved kjøp av produktet godtar dukjøpsvilkårene



